Hopp til hovedinnhold

Feiring av dysleksi-sertifisering og plastutfordringen 2022

Elevrådsleiaren klipper over ei papirremse med alfabetet på

Med gratis pølse i brød og sjokoladekake markerte Fitjar vgs i dag at me har blitt sertifisert som dysleksivenleg skule av Dysleksi Norge. I tillegg feira me andreplass i plastutfordringen 2022 og gjorde stas på Tine MatCup-finalistane våre.

I lunsjpausen i dag var rektor Leif Helge Engelsen og resten av personalet på plass og delte ut gratis pølse i brød og sjokoladekake til alle elevar.

Dysleksimarkering (8).jpg

Dysleksimarkering (7).jpg

Først feira me at Fitjar vgs, som einaste vidaregåande skule i Vestland, har blitt sertifisert som dysleksivennleg skule av Dysleksi Norge. Elevrådleiar Marta Vik Litlabø var snorklipparen som opna det heile, og rektor fortalte litt om kva sertifiseringa tyder for skulen og elevane. 

Dysleksimarkering (4).jpg

Dysleksimarkering (6).jpg

Deretter feira me at Fitjar vgs. kom på andreplass i Vestland fylke i miljøaksjonen Plastutfordringen 2022, som vart arrangert av Fremtiden i våre hender i månadsskiftet oktober til november 2022. Her hadde Fitjar vgs ei deltakingsgrad på heile 88% og elevane våre loggførte til saman 18 121 individuelle plastsparande aktivitetar. Ein slik aktivitet er til dømes å bruka handlenett, å samla inn eller å resirkulera plast eller å ikkje kjøpa nye tekstilprodukt. Laget som vann den interne konkurransen på skulen vår, var 1HOB, men det var jamt i teten og god innsats frå alle lag!

Dysleksimarkering (5).jpg

Til slutt gjorde me litt ekstra stas på vinnarlaget vårt frå vg2 kokk- og servitør, som 8. november i år reiste til Oslo og vann semifinalen i Time MatCup. Laget består av Anne Urdal Gramstad, Erik Harkestad og Jannike Myhre Arnevik, og det neste målet deira er sjølvsagt å vinna den nasjonale finalen i februar 2023.

image031yg.png