Hopp til hovedinnhold

Historie

Gamledelen av skulen i blåtimen, ute er det vinter og snø

Det koselege skulebygget vårt vitner om lang historie og mange tradisjonar. Her har det vore skule sidan 1897!

Den fyrste skulen som heldt til på denne staden var Sunnhordland Amtskule, ein skule som tilbydde vidare utdanning for bygdeungdom. I dei årene denne skulen eksisterte, ambulerte han mellom ulike stadar i Sunnhordland. Fitjar var skulestad i årene 1897 til 1903 og 1916 til 1932, totalt 22 år.

I 1933 opna Fitjar husmorskule i same bygg som Amtskulen hadde vore. Fitjar husmorskule var ein internatskule med eigen gard attmed skulen, der jenter frå Hordaland fekk opplæring i både teoretiske og praktiske fag. I boka Teori og praksis hand i hand. Fitjar vidaregåande skule 1933 – 2008 av Håkon C. Hartvedt kan ein lesa kva elevane fekk læra i tida si på husmorskulen – det var ikkje lite!:

«Av praktiske ting skulle dei lære vanleg husstell med reingjering, vøling og ettersyn; matstell med brødbaking og slakting, slik det var vanleg i Hordaland; borddekking og servering; salting, konservering og sylting; handarbeide som veving, linsaum, kjolesaum, lapping, stopping og spøting; vask av kle med rulling, stryking og vøling; fjøsstell og mjølkestell med smørlaging og ysting; stell av gris og fjørfe og hagestell der ein jobba med kjøkkenhage og prydhage. I teoriopplæringa fekk ein opplæring i kostlære med naudsynt kjemi; helselære med sjuke- og barnestell; husstell, rekneskapsføring; husdyrstell; hagebruk; samfunnslære og oppseidingslære – og dei fekk òg med seg ein del frie føredrag»

Svart kvitt bilete frå 1950-talet der husmorelevane sit i klasserommet attmed komfyrane

Tilbodet vart ein kjempesuksess og allereie etter fem år, i 1938, kom den fyrste utvidinga av skulebygget. I 1958 opna den neste store ombygginga; Skulen var no blitt utvida med fleire samanhengande bygg og topp moderne inventar og utstyr.

I 1974 skifta skulen namn til Fitjar fagskule i husstell, som nokre år seinare, i 1980, skifta han namn til Fitjar vidaregåande skule – det skulen framleis heiter i dag. Då hadde skulen fått fleire nye tilbod, mellom anna årskurs i sosial- og helsefag og kokk- og storhushald. Sidan den gong har skulen holdt fast på profilen sin som den største skulen i regionen innanfor helse- og oppvekstfag og restaurant- og matfag. På 1990-talet fekk me og eit tilbod innanfor estetiske fag og eit tilbod om påbygg til generell studiekompetanse. Det siste nybygget kom i 1999.

Det har skjedd mykje spennande på skulen oppigjennom åra. Eit høgdepunkt var i 1961 då Kong Olav V besøkte skulen og spiste middag her, i samband med avdukinga av Håkonarstatuen – markeringa av at det då var 1000 år sidan kong Håkon den Gode fall i slaget på Fitjar i år 961.

Svar kvitt bilete av Kong Olav V. som går ut av skulen og inn i ein bil