Biblioteket

Bibliotekrommet med arbeidsbord og bøker

Skulebiblioteket ligg i det eldste rommet på skulen, i eit heimekoseleg miljø. Her har me både faktabøker, skjønnlitteratur og tidsskrift. Me samarbeidar med Fitjar folkebibliotek og har felles boksamling fordelt på skulebiblioteket i skulebygget og det kommunale biblioteket som ligg i kultur- og idrettsbygg, nabobygget til skulen. 

Me har sittegrupper til gruppearbeid, og to grupperrom dersom du vil fordjupa deg i fred og ro.

Opningstider

Skulebiblioteket er ope i heile skulen si opningstid, og du kan nytta lokalet både til arbeid og pausar.

Her finn du opningstidene til Fitjar folkebibliotek.

Fitjar folkebibliotek er eit meirope-bibliotek, slik at ein få kodekort for å få tilgong til biblioteket utanfor opningstida. Lærebøker kan du låna heile skuleåret, medan for andre bøker er lånetida fire veker. 

Lånekort

Alle elevar som startar ved Fitjar vgs. i august må skriva under på ein elektronisk lånekontrakt for å få lånt lærebøker. Kvitteringa som du får på e-post etter å ha signert kontrakten skal visast til bibliotekaren før du får låne bøker. Til å signera kontrakten treng du MinID, BankID, BankID på mobil eller liknande.

Sidan me samarbeider med Fitjar folkebibliotek, kan du og låna alle bøker hos oss med nasjonalt lånekort. Snakk med Rita, så ordnar ho eit nasjonalt lånekort til deg!

Bibliotekaren

Rita har jobba på biblioteket på skulen sidan 2014. Ho kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna.

Rita Hindersland Huse

bibliotekar
Portrettfoto av bibliotekar Rita Huse