Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign

Elev i ein frisørsalong

Er du kreativ, estetisk anlagt og interessert i å arbeide med hendene? Då kan Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vere noko for deg. Du går 2 år på skule og kan deretter gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign?

Vg1 legg eit godt grunnlag for å jobba med kreative handverksfag. Her vert du kjent med dei ulike yrka. Me reiser på bedriftsbesøk, ulike utstillingar og har fleire periodar med praksisutplasseringar.

Kva kan du bli?

Du kan velja mellom mange yrke, som blomsterdekoratør, frisør, interiørkonsulent, utstillings- eller profileringsdesigner og maskør- og parykkmakar.

Les meir om utdanningsprogrammet og kva du kan bli på vilbli.no

På vg1 får du arbeida praktisk og kreativt med oppgåver innan dei ulike yrkesfaga. Du vil få grunnleggande innføring i emne som komposisjon, form, farge, kreativ tenking, stilhistorie, mote og trendar. Du vil læra å nytta ulike teknikkar, verktøy og materiale. Du vil arbeida med alle fasar i ei produktutvikling frå ide til ferdig produkt.

I løpet av skuleåret vil me besøka ulike bedrifter, kunstutstillingar og anna som kan vera aktuelt. Vg1 har mellom anna eit fast samarbeidsprosjekt med bokfestivalen Falturiltu der elevane jobbar med utstillingsdesign. I faget yrkesfagleg fordjuping får du vera ute i bedrift og prøva deg i eit lærefag.

Kompetanse innan kreative handverksfag er nyttig anten du ønskjer å utdanne deg til frisør, blomsterdekoratør, interiørkonsulent eller du berre ønskjer å utvikla dine kreative evner. 

Interiørmodell

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i ei godkjend lærebedrift. Her kan du lesa meir om det å bli lærling.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunna studera vidare på høgskule/universitet.