Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Elevar som arbeidar på PC i skulebiblioteket

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velja påbygging?

 

Har du gått eit yrkesfagleg program, men funne ut at du vil studera vidare på høgskule eller universitet?  Treng du generell studiekompetanse? Då bør du søka påbygging til generell studiekompetanse hos oss. 

I desse klassane vil du møta elevar frå fleire ulike utdanningsprogram. Mange kjem rett frå vg2, andre har hatt pause og fleire elevar har vore lærlingar og har teke fagbrev.

Vg3-elevane har 30 skuletimar pr. veke, altså fem timar færre enn vg1 og vg2. Dei 30 timane er fordelt slik:

  • 10 timar norsk
  • 5 timar historie 
  • 5 timar matematikk
  • 3 timar naturfag
  • 2 timar kroppsøving
  • 5 timar valfritt programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering.
    • Hos oss kan du velja mellom biologi og psykologi 1 som programfag.

 

Elevar med bestått fagbrev har 23 timar i veka. Desse har ikkje programfag og kroppsøving. På Fitjar har me pleid å organisera skuleveka for vg4-elevane (dei som har fagbrev) slik at dei har alle timane sine på måndag, tysdag og onsdag. Slik legg me til rette for at dei fagbrevselevane som ønsker det, kan arbeida ved sidan av studiet.

Mangfaldet av ulike ressursar og evner på påbygg gjer klassane til ein spanande og kreativ stad å vera. Her er det mykje læring og teori, og eit motiverande læringsmiljø.

Vegen vidare

Med generell studiekompetanse kan du søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane. Har du ikkje bestemt deg, kan du får gode tips på utdanning.no.