Hopp til hovedinnhold

Dysleksivennleg skule

 Elevar som held opp hendene slik at dei lagar eit hjarte

Fitjar vidaregåande er sertifisert som dysleksivennleg skule av Dysleksi Norge.

På Dysleksi Norge sine heimesider, kan du lesa meir om kva det betyr

  1. Tilsette med høg kompetanse.

     Alle tilsette på Fitjar vgs. kjenner til dei faglege retningslinjene frå Dysleksi Norge.

  1. Du kan vera deg sjølv i eit trygt læringsmiljø. 
  1. Tidleg kartlegging. 

     Alle elevar på vg1 og «nye» elevar på vg2 og vg3 vert kartlagde i norsk, engelsk og matematikk.

    Me samarbeider med grunnskulen om overgang til vidaregåande.

    Me samarbeider tett med PPT om utredning og oppfølging.

  1. Opplæring i digitale hjelpemiddel. 

    Alle elevar får tilgang til og opplæring i programvare som gir lese- og skrivestøtte.

    Elevar med dysleksi får og tilgang til digitale lærebøker.

  1. Ein organisert og oversikteleg skulekvardag. 

    Alle fag legg planar og dokument ut i digital form.

  1. Praksisrelatert og variert undervisning. 
  1. Tilpassa vurderingsformer.

    Elevar med dysleksi kan få individuell tilpassing av vurderingssituasjonar, som til dømes utvida tid, bruk av PC og munnlege prøver.

  1. Me ser DEG! 

    Ein dysleksivennleg skule er ein god skule for alle – alt startar med deg!