Hopp til hovedinnhold

Sosialrådgjevar og studierådgjevar

Skulebygget i sollys med blomstrande tre

Fitjar vidaregåande skule har ein sosialrådgjevar og ein studierådgjevar

Ena Ulversøy

Ena Ulversøy er både sosialrådgjevar og studierådgjevar hos oss

Sosialrådgjevaren sine oppgåver er omtrent dei same som sosiallæraren din på ungdomsskulen hadde. Dersom du har problem med skulefaga, t.d. matematikkvanskar eller lese- og skrivevanskar, kan ho hjelpa til med at du får tilrettelegging og hjelp. Har du problem med å konsentrera deg om skulegongen? Kom innom og ta ein prat.

Ena kan òg kontakte helsesøster, oppfølgings- og PP-tenesta eller andre instansar som kan hjelpa deg.

Studierådgjevaren har ansvar for rådgjeving i samband med søknad til høgskular og universitet. Ho kan og hjelpa deg med søknad til folkehøgskule, søknad til vidaregåande skule, ordinær søknad, særskilt søknad og læreplass.

Ena Ulversøy

sosialrådgjevar / studierådgjevar
Portrettfoto av sosialrådgjevar og studierådgjevar