Helse- og oppvekstfag

Elevar på helsefag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja helse og oppvekstfag?

Er du glad i å arbeida med menneske? Er du positiv og open og ynskjer å yta service og omsorg? Då er helse- og oppvekstfag noko for deg. 

Me tilbyr

  • Vg1 helse- og oppvekstfag (HO)
  • Vg2 barne- og ungdomsarbeidar
  • Vg2 helsefagarbeidar

 

Kva kan du bli?

Du kan velja mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller kanskje tannhelsesekretær? 

Les meir om utdanningsprogrammet og kva du kan bli på vilbli.no

Det første skuleåret (vg1)

Det første året på helse- og oppvekst vil du få oppleva ei praksisnær og variert undervisning som gjer deg klar for å arbeida med menneske. Du vil få engasjerte og fagleg oppdaterte lærarar som er gode på å tilrettelegga slik at kvar enkelt elev opplever meistring ut ifrå sitt nivå. Me arbeider aktivt for at du skal ha eit trygt og godt læringsmiljø, og me er opptekne av å byggja gode relasjonar.  

Du kjem til å læra om menneske si utvikling, om omsorg, aktivisering og pleie av menneske i ulike aldrar, om korleis ein kan ta vare på fysisk og psykisk helse, og om kommunikasjon og samhandling med menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.

Me har to praksisperiodar der du får prøva deg i ulike yrke, til dømes i skule, barnehage, sjukeheim, heimetenester, bufellesskap, apotek, tannklinikk.

Det andre skuleåret (vg2): Barne- og ungdomsarbeidarfag

Barne- og ungdomsarbeidarklassen (BU) startar året med ein bli-kjend-tur til Huglo. Elevane får då frå fyrste stund prøva seg som ansvarlege i å planleggja, gjennomføra og evaluera ulike aktivitetar, servering, overnatting og alt som høyrer med til ein slik tur.

Me arbeider tett opp mot praksisfeltet gjennom å invitera inn barnehagar til eventyrstund og teater, matlaging og andre aktivitetar. I tillegg er klassen ute på mange skular og gjennomfører aktivitetsdagar for ulike skuleklassar. Dette er svært populært og ikkje minst veldig lærerikt i forhold til yrket som barne- og ungdomsarbeidar.

Me har tre samanhengande veker med praksis i halvåret, tre i kvart semester. Her er du ute i arbeid på ulike arbeidsplassar, mellom barnehagar og skular. Denne praksisperioden gir deg god innsikt i yrkesmoglegheitene som barne- og ungdomsarbeidar.

 

Det andre skuleåret (vg2): Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidarklassen (HE) startar året med ein bli-kjend tur til Hiskjo på Bømlo. Me arbeider tverrfagleg igjennom heile året og trenar på å kombinera teori og praksis på veg fram mot eit yrke som helsefagarbeidar.

Me har tre samanhengande veker med praksis i halvåret, tre i kvart semester. Her er du ute i arbeid på ulike arbeidsplassar, mellom anna på sjukehus og sjukeheimar, i heimetenestar eller du arbeider med rehabilitering eller med personar med utviklingshemming. Denne praksisperioden gir deg god innsikt i mangfaldet av yrkesmoglegheiter som helsefagarbeidar. Tilbakemeldingane frå praksisfeltet er og at elevar frå Fitjar vgs er fagleg svært flinke og at dei er eit godt bidrag inn i det arbeidet som skal utførast. Det visar seg og at dei som er ute i praksis på vg2 ofte får arbeid ved sidan av skulen med helgevakter og liknande etter at praksiperioden er over.

Kvar haust inviterer klassen inn til eldredag på skulen, der klassen bidreg med underhaldning og mat for dei eldre i kommunen. Fitjar vgs har og eit godt samabeid med Fitjar kommune og Frivillighetssentralen, mellom anna med prosjektet «Aktiv saman». Dette er etterkvart blitt ein flott tradisjon for kommunen, der både dei eldre og elevane våre kosar seg i kvarandre sitt selskap.

Me har og internasjonale praksisplassar

Elevar som reiar opp ei seng

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i ei godkjend lærebedrift. Her kan du lesa meir om det å bli lærling.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunna studera vidare på høgskule/universitet.