Hopp til hovedinnhold

Nav-rettleiar

Skulen ein vintermorgon med snø, blåtime

Skulen har eit etablert samarbeid med Nav Fitjar, for å arbeida førebyggande med små og store utfordringar som kan dukka opp når ein er elev i vidaregåande skule. Målet med dette er å finna gode løysingar på utanomfaglege problem, slik at ein lettare klarer å fullføra skulegongen.

Om du har små eller store spørsmål f.eks. knytta til dine rettighetar, treng hjelp til å finna ut av ulike «system» i samfunnet, ønsker karriereveiledning, oppfølging utanom skulen, eller berre vil komme innom for ein prat, er du veldig velkommen til å ta kontakt med vår Nav-rettleiar Brit Lindeflaten Dahl. Ho jobbar som ungdomskoordinator hos Nav Fitjar, og er å finne på skulen kvar mandag. Då finn du ho på kontoret attmed heisen; det same kontoret som helsesjukepleiar og psykologen bruker.

Ta kontakt med Nav-rettleiar

Brit Lindeflaten Dahl

Nav-rettleiar
Portrettfoto av NAV-koordinatoren