Restaurant- og matfag

Elevar på kjøkkenet, over grytene

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja restaurant- og matfag?

Dette er faget for deg som er interessert i matlaging, kosthald og ernæring.

Me tilbyr

  • Vg1 Restaurant- og matfag (RM)
  • Vg2 Kokk- og servitørfag

 

Kva kan du bli?

Du kan velja mellom mange yrke, som mellom anna:

  • kokk, ernæringskokk eller servitør
  • baker eller konditor
  • pølsemakar eller kjøttskjærar
  • slaktar eller ferskvarehandlar
  • fagarbeidar i sjømatproduksjon eller industriell matproduksjon

 

Les meir om utdanningsprogrammet og kva du kan bli på vilbli.no

Det første skuleåret (vg1): Restaurant- og matfag

På vg1 restaurant- og matfag tek du dine første steg på ein jobb innanfor mat og ernæring. Du er på kjøkkenet to dagar i veka, og me tenker heile tida og teori og praksis må henga saman. I to periodar, ein i kvart semester, er du og ute i praksis to dagar i veka.

Me har eit godt samarbeid med restaurantbransjen, noko som gir eit godt grunnlag for fagleg utvikling og gjer at du kan få utplassering på dei fleste og beste restaurantar på øya og elles på Vestlandet. Det inspirerer til vidare læring når du kan læra av verdas beste kokkar!

Ellers har me jamnleg lokale kokkekonkurranser på skulen der elevane konkurrerer mot kvarandre i ulike "idrettsgreiner" som hamburgar- og kakekonkurranse, for å nemne nokre. Me har og ofte tverrfaglege opplegg mellom fellesfag og programfag, og samarbeid med andre linjer på skulen.

Det er fantastisk gøy med mat!

Det andre skuleåret (vg2): Kokk- og servitørfag

På vg2 held du fram med å utvikla deg som kokk, både teoretisk og praktisk. Me har tre samanhengande veker med praksis i halvåret, tre i kvart semester. Her er alle elevane ute i arbeid på ulike arbeidsplassar som restaurantar, kantiner og andre stadar der ein produserer og serverer mat. Praksisplassane er både lokale og nasjonale, nokre gongar internasjonale, og enkelte elevar finn seg og ein lærlingplass i praksisperiodane. 

På vg2 er det og vanleg at klassen deltek konkurransar, som TineCup og yrkes-NM (World Skills), og ofte dannar ein ei elevbedrifter (Ungt entrepenørskap) som ein utviklar igjennom året. 

Kokk- og servitørfag har og har hatt mykje internasjonalt samarbeid: Mat er internasjonalt, og me har både hatt utplassering i og besøk frå mange europeiske land. Gjennom slike samarbeid får du den beste erfaringen i mattradisjonar frå heile Europa. I tillegg kan du skaffa deg kontaktar for seinare yrkesliv. 

Ein fromasj med pynt

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i ei godkjend lærebedrift. Her kan du lesa meir om det å bli lærling.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunna studera vidare på høgskule/universitet.