Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Middag laga av elevar

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.

Er du over 25 år og har lyst til å arbeida med mat? Fitjar vidaregåande har eit vakseopplæringstilbod i kombinasjonsklasse på vg1 restaurant- og matfag og vg2 kokk- og servitør. 

Vegen fram mot eit fagbrev består av fire år: To på skule og to som lærling. Etter vg1-kurset, kan du gå vidare på vg2 kokk- og servitørfag, og etter fullført vg2 kan du gå ut i lære i ei bedrift. Etter fullført læretid og bestått fagprøve vil du få sluttkompetanse som kokk, ernæringskokk eller servitør.

Undervisninga vert måndag til fredag frå kl. 08:05 og 14:10 i perioden 17.08.2023 til 21.06.2024.

Fromasj med pynt

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkja læreplass i ei godkjend lærebedrift. Her kan du lesa meir om det å bli lærling.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunna studera vidare på høgskule/universitet.