Elevtenester

Elevar som står framfor inngangen

På denne sida finn du informasjon om ulike tilbod vi har til deg som elev.

Skulehelsetenesta

Me har helsesjukepleiar som kan hjelpa deg når du treng det.

Les meir om skulehelsetenesta vår

Bilete av rådgjevaren som står utanfor skulebygget

Sosialrådgjevar og studierådgjevar

Sosialrådgjevar og studierådgjevar Ena Ulversøy kan hjelpa deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du avtala tid hos Ena.

 

Elevrådet

Elevrådet representerer elevane ovanfor rektor og leiinga på skulen.

Les meir om elevrådet og skulemiljøutvalet

IKT-hjelp

Rolf-Atle Rolfsnes er IKT-konsulent og hjelper deg med alt som gjeld IKT. Han har kontor ved sida av ekspedisjonen ved inngangen til gamlebygget.

Guro Betten er leiar med IKT-ansvar og kan hjelpa deg med It`s learning og Visma in School. Ho har kontor i administrasjonsgangen (2. etasje i gamlebygget)

Rolf Atle Rolfsnes

IKT-konsulent
Portrettfoto av IKT-konsulent Rolf Atle

Guro Betten

avdelingsleiar HO og FBIE
Portrettfoto av avdelingsleiar Guro Betten

 

Biblioteket

På skulebiblioteket kan du mellom anna få hjelp til å finne bøker eller berre sitte og lese. 

Les meir om biblioteket vårt

Ein elev i kantina, med kantinebestyrar i bakgrunnen

Noko å ete?

Har du det litt for travelt om morgonen til å spise frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei kantine med stort utval av både mat og drikke.

 

Nav-rettleiar

Fitjar vgs samarbeider med Nav Fitjar, for å jobbe førebyggande med små og store utfordringar som kan dukka opp når ein er elev i vidaregåande skule

Les meir om Nav-rettleiaren vår

 

Treng du hybel?

Me har kontakt med fleire som leiger ut hybel nær skulen og kan hjelpa deg med å få kontakt med dei. Er dette av interesse eller har du spørsmål kan, du ta kontakt med Karianne i ekspedisjonen.

Karianne Nonås

konsulent
Portrettfoto av Karianne i resepsjonen