Hopp til hovedinnhold

Det du treng å vite...

Skulen om sommaren, sett utanifrå

Fitjar vidaregåande skule ligg i Fitjar kommune og har ca. 190 elevar og om lag 35 tilsette. Hausten 1999 fekk me nytt tilbygg. Her er nye kjøkkenavdelingar, garderobar, kantine, naturfagrom og andre klasserom. Det er også gjort omfattande ombygging og modernisering av skulen. Rett attmed skulen ligg kultur- og idrettsbygget, der elevane har kroppsøving. Fitjar folkebibliotek og treningssenter held til i same bygget.

Kvar finn du oss

Fitjar vidaregåande skule ligg aust for Fitjar sentrum, like ved Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Kart over Fitjar, sett frå lufta

Avstandar: Sandvikvåg: 7 km - Sagvåg: 19 km - Leirvik: 27 km

Her er lenke til Fitjar vgs på Google Maps

Adresser og kontaktinfo

Besøksadresse: Havnavegen 2, 5419 Fitjar 
Postadresse: Postboks 44, 5418 Fitjar

Telefonnummeret til ekspedisjonen er 534 57 800

Skulen si e-postadresse er Post.Fiv@vlfk.no 

Efaktura-adresse: 9908:938626367 (EHF-format) 
Her kan du lesa meir om elektronisk faktura

Kontoret

I ekspedisjonen ved inngangen til gamlebygget møter du Karianne som hjelper deg med praktiske spørsmål, som t.d. skuleskyss og lån og stipend. 

Ekspedisjonstid: 07.45 - 15.00

Karianne Nonås

konsulent
Portrettfoto av Karianne i resepsjonen

Ein god plass å vera - ein god plass å læra

Fitjar vidaregåande skule er ein skule med høg trivsel. Elevundersøkinga har i mange år vist "grøn score", som er best resultat. 

I kvar klasse er det frå 25-30 elevar, to kontaktlærarar, og i dei fleste timane er det to lærarar. Dette gjer at lærarane kan leggje betre til rette og sjå kvar enkelt elev.

Skulen i blåtimen, ute er det snø og vinter

Skulen sin historie

Det koselege skulebygget vårt vitnar om lang historie og mange tradisjonar. Her har det vore skule sidan 1897!

Her kan du lesa meir om skulen sin historie