Hopp til hovedinnhold

Fitjar-elevar vann semifinalen i TINE MatCup

Dei tre elevane som vann semifinalen står attmed kvarandre

Onsdag 8. november gjekk eit lag frå vg2 kokk- og servitørfag på Fitjar vgs til topps i semifinalen i den prestisjetunge kokkekonkurransen TINE MatCup.

Det var eit godt førebudd lag beståande av tre dyktige elevar, Anne Urdal Gramstad, Erik Harkestad og Jannike Myhre Arnevik, som saman med faglærar Astrid Bukkøy reiste til Oslo for å konkurrera i semifinalen i Tine MatCup. Semifinalen gjekk føre seg på TINE Matfaglig senter på Kalbakken i Oslo, og årets oppgåve hadde fått tittelen Et besøk på en klassisk bistro. Det var høgt nivå på alle deltakarlaga, men Fitjar overtydde dommarane med lekre vegetar- og lakserettar og gjekk heilt fortent til topps!

Eirik.jpg

TineMatCup er ein årleg, landsdekkande konkurranse for elevar på kokk- og servitørfag. Arrangør er Tine og Norske kokkers landsforening (NKL). I konkurransen for skuleåret 2022-23 er det heile 16 skular som deltek frå heile landet.

Me heiar på Fitjar-laget og gler oss til finalen i Stavanger i februar 2023!

image0edv.png