Hopp til hovedinnhold

Elevar på vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag på reise i Tsjekkia

Ei elv i Praha i skumringen, på elva er det ein båt, i framgrunnen er det ein statue

Elevar frå vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag fekk læra og oppleva mykje på reisa til byen Teplice i Tsjekkia før jul. Dette var det siste av tre prosjekt som Fitjar vgs hadde med tsjekkiske skular i 2022.

Som ei avslutning på eit internasjonaliseringsprosjekt kalla «Traditional Czech and Norwegian Handicraft as a Way to Understand» reiste to lærarar og fem elevar frå vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag på Fitjar vgs til Tsjekkia i månadsskiftet november-desember 2022. Prosjektet var eit samarbeid mellom Fitjar vgs og Hotelová škola, Obchodní akademie og Střední průmyslová škola i byen Teplice, heilt aust Tsjekkia. Der nede møtte dei tsjekkiske elevar og lærarar som tidlegare på hausten hadde besøkt oss her på Fitjar. Det besøket kan ein lesa meir om i denne artikkelen

imagedt7cn.png

Som tittelen på prosjektet indikerer, var målet med reisa å læra om tradisjonelle formar for handverk og kunst, utført med ein moderne vri, og å læra om korleis ein kan bruka dette i undervisninga og i arbeidet med barn og unge. Kvar dag under opphaldet la gruppa ut eit reisebrev på Facebook der dei skildra dei mange spennande aktivitetane og opplevingane dei hadde. Elevane besøkte mellom anna hovudstaden Praha, utforska vertsbyen Teplice, laga tradisjonelle tsjekkiske julekaker, dekorerte peparkaker og deltok i workshops om å dekorere julekuler i ein anerkjent fabrikk.

BU i Tsjekkia (5).jpg

Dette var det siste av dei tre prosjekta som før pandemien var planlagt med Hotelová škola, Obchodní akademie og Střední průmyslová škola i byen Teplice, og som alle vart gjennomført i 2022. Me håpar på fleire i framtida!

BU i Tsjekkia (3).jpg

BU i Tsjekkia (4).jpg

BU i Tsjekkia (6).jpg

Prosjektet er støtta av EEA (European Economic Area) Grants, som også er kjent som Iceland, Liechtenstein and Norway Grants.

Logo.jpg