Hopp til hovedinnhold

Besøk av elevar og lærarar frå Tsjekkia

Elevar og lærarar er i turområdet Rossneset og står framfor eit grillhus

For tredje gong i 2022 har Fitjar vgs hatt besøk av elevar og lærarar frå Hotelová škola i Tsjekkia. Denne gongen handla prosjektet om sosialt arbeid og norsk og tsjekkisk tradisjonshandverk.

Søndag 25. september landa sju elevar og tre lærarar frå Tsjekkia på Flesland, klare for ei innhaldsrik veke på Fitjar vgs. Dette er ein del av eit internasjonaliseringsprosjekt kalla «Traditional Czech and Norwegian Handicraft as a Way to Understand». Dette prosjektet er støtta av EEA (European Economic Area) Grants, som også er kjent som Iceland, Liechtenstein and Norway Grants. Prosjektet er eit samarbeid mellom Fitjar vgs og Hotelová škola, Obchodní akademie og Střední průmyslová škola i byen Teplice, heilt aust Tsjekkia. Seinare i haust, i månadskiftet november-desember, skal fleire elevar og lærarar frå Fitjar vgs. reisa på besøk til desse skulane i Tsjekkia.

Besøk frå Tsjekkia, sept 22 (12).jpg

Det var elevane på vg2 BU (Barne- og ungdomsarbeidarfag) og vg1 FBIE (Frisør, blomsterdekoratør, interiør og eksponeringsdesign) som deltok i aktivitetane saman med besøket. På måndag 26. november fekk tsjekkarane oppleva korleis BU arbeider med å laga læringsskapande ekskursjonar og uteaktivitetar for born. I Rossneset og i grindabygget utanfor skulen laga dei til mat saman og gjennomførte ulike pedagogisk aktivitetar for born – og regnet var inga hindring. Faglærar på BU, Sissel Jørgensen, fortel at dei besøkande var imponerte over korleis norske skular og barnehagar brukar naturen både i og utanfor klasserommet som ein del av det pedagogiske arbeidet. 

På tysdag 27. september var det FBIE som hadde ansvaret: Då fekk besøket gjennomføra ein heil dag med toving av ull frå villsau. Tovingsekspert Vigdis Vatne var med og instruerte både norske og tsjekkiske elevar – og resultatet vart flotte sitjeunderlag. På onsdag 28. besøkte dei Årskog museum på Fitjar, der Fitjar husflidlag presenterte tradisjonshandverk frå Fitjar og elevane fekk moglegheit til å utforska ulike teknikkar.

Besøk frå Tsjekkia, sept 22 (toving).jpg

blobid0.jpg

Torsdag 28. september var det tid for haustfest, laga og gjennomført av elevane på BU og besøket frå Tsjekkia. Frå Fitjargarden fekk dei med seg flotte og ferske Fitjar-grønsaker som vart brukt til å laga betasuppe og dessert, samt til pynt på bordene. Det smakte fortreffeleg, og BU-elevane og dei tsjekkiske elevane fekk erfara korleis ein skapar relasjonar på tvers av språk og nasjonar igjennom praktisk arbeid.

Besøk frå Tsjekkia, sept 22 (7).jpg

Besøk frå Tsjekkia, sept 22 (8).jpg

Besøk frå Tsjekkia, sept 22 (10).jpg

Besøk frå Tsjekkia, sept 22, kantina.jpg

I tillegg til læringsprosjekta på skulen, har dei besøkande fått oppleva norsk kultur og sett kva Fitjar kommune kan by på. Dei har hatt fjell- og sykkelturar, har gått på ei lokalhistorisk vandring med guide og besøkt både Engesund visningssenter, Midtfjellet vindpark og såpefabrikken Fitjar Island. Turen vert avslutta med to dagar i Bergen før dei reiser heim til Tsjekkia.

Besøk frå Tsjekkia, sept 22 (9).jpg

image8n5w8.png

Logo.png