Tysdag 9. april vart det arrangert trafikksikringsdag for alle elevar på Fitjar vidaregåande skule og for 9. og 10. trinn på Rimbareid barne- og ungdomsskule.
Dagen opna med eit inspirerande føredrag frå psykolog og stipendiat Jan-Ove Hesselberg, kjend frå fleire populærvitskapeleg program på TV og frå podkastar. Han snakka om korleis me alle kan læra oss å ta betre avgjersler ved å bli meir medvitne for kva som styrer oss når me tek store og små avgjersler i kvardagen. Føredraget hans var tankevekkande, og han involverte publikum ved hjelp av spørsmål og avstemmingar på mobil.

Deretter vart alle deltakarane samla utanfor parkeringsplassen på Fitjar vgs for dagens brutale høgdepunkt: Bildroppet. Her vart ein bil sleppt frå ei mobilkran i ein fart tilsvarande 80 km/t, slik at alle tilskodarane tydeleg fekk demonstrert kva som skjer dersom ein kolliderer i denne farta. Etterpå kom naudetatane til skadestaden. Fitjar brann- og redning demonstrerte kva dei gjer når dei kjem først til ein ulukkesstad. Ei dokke vart redda ut av den samanpressa bilen og køyrd vekk i ambulanse. Politiet fortalte og om kva som er deira rolle på ulukkesstaden. Heile seansen gjorde sterkt intrykk på både vaksne og ungdommar!




Etterpå rullerte elevane på ulike postar utanfor og inni kulturhuset, bemanna av representantar frå NAF, ambulansetenesta i Helse Fonna, Politiet og Sunnhordland trafikkopplæring. NAF hadde teke med bråstoppmaskinen og «Velte-Jacob», der elevane sjølv kunne få kjenna fysikken sine lovar på kroppen.


Trafikksikringsdagen i Fitjar kommune vert arrangert annakvart år, og er eit samarbeid mellom Fitjar kommune, Rimbareid barne og ungdomsskule og Fitjar vidaregåande, koordinert av Fitjar frivilligheitssentral. Arrangementet er støtta av fylkestrafikksikringsutvalet (FTU) i Vestland fylkeskommune.
