Hopp til hovedinnhold

Strålande innsats i finalen i Tine MatCup

Rektor, ordførar, varaordførar og dei tre elevane står attmed ein banner frå Tine MatCup

Fredag 3. februar 2023 gjekk årets finale i Tine MatCup av stabelen på Jåttå vgs. utanfor Stavanger. Elevlaget frå Fitjar vgs deltok i finalen, og ein av våre elevar vann prisen for beste servitørelev.

Det var elevlag frå seks skular som hadde kvalifisert seg til finalen igjennom ulike semifinalar hausten 2022. Laget frå Fitjar vgs kalla seg Team Tømtes og bestod av dei tre elevane Anne Urdal Gramstad, Erik Harkestad og Jannike Myhre Arnevik. Lagleiar var faglærar Astrid Bukkøy. 

Heime på skulen kunne me andre følgja med på konkurransen via livestream frå Jåttå på storskjerm i kantina vår. Det var fantastisk spennande!

TineCup, sending i kantina.jpg

Dommarane skrytte av prestasjonen til Fitjar-laget, men konkurransen i finalen var hard, så det vart diverre ikkje lagsiger denne gongen; Førsteplassen gjekk til Strinda VGS frå Trondheim. Ein av Fitjar-elevane gjekk likevel til topps i ein av dei individuelle kåringane då Anne Urdal Gramstad fekk prisen for beste servitørelev!

image6ld7m.png

I dag vart laget og lagleiaren heidra på skulen for sin flotte innsats i konkurransen av rektor Leif Helge Engelsen, Ordførar i Fitjar, Harald Rydland, og varaordførar Sigurd Andre Maraas. Harald Rydland takka elevane for innsatsen dei har gjort for Fitjar og for skulen, og overleverte til kvar elev ei gåve som høva til feiringa: Kokeboka til Fitjarbu og verdsmeister i kokkekunst – og tidlege elev på restaurant- og matfag på Fitjar vgs – Geir Scheie.

blobid2.jpg