Hopp til hovedinnhold

Tankevirus-kurs med Frisklivssentralen i Bergen

Kvite bokstavar på grønt gras. Med bokstavane står det Tankevirus

På Fitjar vgs set me psykisk helse på timeplanen!

10. januar 2024 hadde Fitjar vgs besøk av Karoline og Elisabeth frå Frisklivssentralen i Bergen. Tidlegare i haust fekk alle elevar og tilsette på Fitjar vgs møta dei to digitalt gjennom tre økter med undervisning om «Tankevirus», og no fekk me eit fysisk besøk på skulen. 

Tankevirus er eit meistringskurs for dei som ønsker å bli meir merksame på eigne tankar. I dag har Karoline og Elisabeth vore på besøk i alle Vg1 klassane for å repetera litt og friske opp kunnskapen frå det digitale kurset, snakka om kva ein har lært gjennom kurset og korleis elevane kan bruka dette vidare i kvardagen. Me på Fitjar vgs. synest dette har vore veldig bra, og me er glade for at me fekk til dette samarbeidet. Frisklivssentralen har fått det til som eit samarbeid med Vestland fylkeskommune, med tilskotsmidlar som finansierer satsinga. 

To vaksne som sit på golvet framfor ein skuleklasse som står oppstilt i eit gruppebilete. I bakgrunnen er det ei tavle.
Fem mennesker som står framfor eit skilt som det står Fitjar vidaregåande skule på, i bakgrunnen ser me skulen