Hopp til hovedinnhold

Strandryddeaksjon

Elevar som sit med ryggen mot kamera og ser utover ein fjord

Torsdag 19. september deltok to klassar frå Fitjar vgs på strandryddings-dugnad på Skumsnes i Fitjar.

Rein Hardangergjord er namnet på ein rydde-dugnad som vart arrangert torsdag 19. september 2024 i kommunane Austevoll, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fitjar, Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik og Voss. Alle som ønska å delta kunne melda seg som rydde- eller transportmannskap, og kommunane stilte med containerar, hanskar og sekkar. Ryddeområdet kunne ein velja sjølv, og målet var å rydda så mykje marin forsøpling som ein klarte på ein dag. Arrangøren bak aksjonen var stifttinga Framtidshavet, som og arrangerer den tilsvarande aksjonen Rein Sognefjord.

Elevar som går i ein stenfylt strand og plukker søppel i søppelsekkar

Frå Fitjar vgs hadde elevane på vg3 påbygging og vg 2 helse og oppvekst studieførebuande, saman med tre engasjerte lærarar, valt seg ut Skumsnes i Fitjar som sitt ryddeområde. I strålande haust-solskin tok dei fatt på den store oppgåva, og nokre timar seinare var 13 fulle søppelsekkar levert i containeren på Nattrutekaien på Leirvik. Det vart rydda nokre kilo med søppel denne dagen, og alt elevane fann i sjøkanten på Skumsnes vart nøye notert ned i eit skjema som skal brukast til vidare arbeid i naturfagstimane.

To elevar som står i ei strand med søppel i hendene, i bakgrunnen naust, skog og fjord

Me er stolte av dei flotte, handlekraftige ungdomane våre som tek berekraftig utvikling i eigne hender!

To søppelsekkar i framgrunnen, ei strand i bakgrunnen, og så grøne bakkar og trær. Me ser nokre elevar som ryddar søppel langt unna
Ein bilhenger full av søppelsekkar
Tre elevar som sit i steinane og tek ein pause under strandryddinga
Fem elevar som sit med ryggen mot kamera og speider utover ein fjord, sol og blå himmel