Hopp til hovedinnhold

Sommarskule torsdag 11. august

Elevar utanfor i kantina som smiler til kamera

Er du ny elev på skulen og har lyst til bli betre kjend med Fitjar vgs før skulestart? Eller kanskje skal du byrja på ditt andre eller tredje år på Fitjar vgs og ønsker å møta igjen vennene dine før første skuledag? Torsdag 11. august inviterer me deg til sommarskule frå kl. 09:30 til 14:00.

Denne dagen får du møta andre elevar til ei koseleg økt med pizzabaking og ein felles lunsj, og dei som ønskjer det, vil få ei omvising i skulebygget og få helsa på dei tilsette. Skulebussane har ikkje byrja å gå endå, men det går ein rutebuss frå Leirvik kl. 08:55, via Sagvåg, som er framme på Fitjar kl. 09:30. Returbuss går frå Fitjar kl. 14:15 og er framme ved Leirvik terminal kl. 14:55.

Dersom du har lyst til å delta denne dagen, ønskjer me påmelding på e-post til Christer.Stewart.Aarbo@vlfk.no innan tysdag 09. august kl. 12:00