20. juni 2024 avslutta Fitjar vgs. skuleåret 2023-2024 med å invitera alle elevane og lærarane med på ein dagstur med veteranskipet M/S Sunnhordland.
Elevar og lærarar på Fitjar vgs. fekk vera med på ein flott rundttur lang Stord, Bømlo og Fitjar. Turen gjekk først nordover til Fitjarøyane, så vestover mot Slåttery Fyr, før ein snudde sørover tilbake til hamna i Leirvik. Med god mat ombord, og kjekke leikar og konkurransar undervegs, vart dette ein flott avslutning på eit kjekt skuleår!
Takk for i år og lykke til vidare!







