Fredag 8. november deltok eit lag frå vg2 kokk- og servitørfag på Fitjar vgs i semifinalen i den nasjonale kokke- og servitørkonkurransen TINE MatCup i Oslo, som kvart år vert arrangert av TINE og Norske kokkers landsforening (NKL).
Laget frå Fitjar vgs. kalla seg La Doce Vita og bestod av Synnøve Stokken, Nur Aleeya Fatimah Binti Ahmad Rizal og Alexandra Vindenes Revheim. Saman med faglærar Fillip Klæboe Berg hadde dei reist til Oslo for å konkurrera mot andre semifinalistar på TINE Matfagleg senter på Kalbakken. Laget frå Fitjar gjorde ein strålande innsats og fekk mykje ros av dommarane, men finaleplassen gjekk denne gongen til eit dyktig lag frå Glemmen vgs. i Østfold.
Temaet for årets konkurranse var ein smak av Italia. Laget frå Fitjar vgs. kunne difor by på ein forrett beståande av ravioli med kylling og fyldig soppsaus og ein hovudrett med bakt kylling, risotto og ein italienskinspirert salat. Måltidet var avslutta av ein deilig dessert beståande av pistasjfylte cannoli servert med chevre og plomme-chutny. I tillegg hadde dei laga sin eigen friske aperitiff med sitron.