Hopp til hovedinnhold

Reisebrev frå Undeland gard

Nokre elevar som plukker blomar på ein gård, i bakgrunnen ser me ein fjord med høge fjell. I fjorden går det eit Cruice-skip

Elevane på vg1 FBIE (frisør, blomar, interiør- og eksponeringsdesign) har skrive eit reisebrev frå klasseturen til Undeland gard 12.-13. september.

Me køyrde fra skulen kl.13 og var framme kl.16 på Kvamskogen. Me var ti elevar som skulle på klassetur, så me køyrde i ein personbil og ein minibuss. Når me kom fram, så var det førstemann til å få det beste rommet! Etter ein liten time begynte me å laga taco, då sat me samla med bordet og åt og koste oss. Seinare på dagen hadde me ulike aktivitetar og spelte ulike brettspel. På kvelden samla alle seg i stova og snakka saman og fortalte gamle historier. Så var det leggetid; Alle gjekk opp for å legga seg, men det vart mykje prating i ulike rom...

Morgonen etter var det hastverk: Me måtte fiksa frukost, rydda og komma oss ut dørene kl. 08:30, som blei til kl. 09, for å komma oss til Undeland Gard i Ulvik. Der skulle me laga bukettar me skulle få ta med heim til foreldre og besteforeldre.

Elevar som står med ryggen til og ser mot ein gartnar som viser fram planter på ein gård

Me kom til Undeland Gard, og blei møtt imøtekommande av Grzegorz og Katinka som driv denne vesle familiebedrifta saman. Grzegorz jobbar med skule og media, og Katinka jobbar som landskapsarkitekt og bybaneplanlegger. Me fekk informasjon om bedrifta og undervisning i korleis me skal laga flotte bukettar. Så kunne me setja i gong med å plukka blomster og laga kvar vår flotte bukett. Me takka for oss, og køyrde vidare heimover. Takk for besøket!

Inne i ein kjellar, med steinveggar, står det hyller i tre med blomar og vaser i.