Hopp til hovedinnhold

Praksisveker i København

To elevar står saman med fem kollegaer på pleiesenteret

I dei to siste vekene før påske har fire elevar frå Fitjar vgs hatt utplasseringstida si i København, igjennom stipend frå Erasmus+, EU sitt program for utdanning og utveksling.

Ida Langeland og Vanessa Borado Utslåttøy går begge to på vg2 helsefagarbeidar, og dei har hatt praksisen sin på Rundskuedagens Plejecenter, eit pleiesenter for pasientar med alkoholdemens. Nathalie Tufteland Vangsnes og Emilia Marta Kudlaczak går begge på vg1 restaurant og matfag, og dei har vore utplassert på Hotell- og restaurantskolen i København, Nord-Europas største bransjeskule i sitt slag.

imaget788.png

Rektor Leif Helge Engelsen følgde elevane ned til København i byrjinga av praksisperioden, og ass.rektor Christer Stewart Aarbø kom og henta dei når perioden var slutt, men i tida mellom det har elevane styrt seg sjølve. Dei har budd saman i ein flott leilegheit på Bryggen, og fått prøva korleis det er å bu i eit kollektiv. København er ein levande hovudstad by med mange spannande tilbod, og elevane har mellom anna vore på IMAX-kino og leigd syklar for å sjå seg om i byen.

På IMAX kino.jpg

Yrkesfagutdanningane i Danmark er organisert litt annleis enn i Noreg; Der ein i Noreg har to år på skule og to år som lærling – og så ein avsluttande fagprøve – har ein i Danmark først ein fellesperiode på yrkesskule og deretter vekslar ein så mellom skulegang og lærlingpraksis i alle åra fram til fagprøven. På hotell- og restaurantskolen har elevane moglegheit for å ha lærlingpraksisen sin på skulen, då skulen har ei stor kantine og ein open restaurant som lærlingane driv sjølv. Det er i denne lærlingdrivne kantina at Emilia og Nathalie har hatt sin praksisperiode. Her har dei fått vera med på heile prosessen, frå produksjon til serveringa. Nathalie fortel at det er mykje likt mellom matkulturane i Danmark og Noreg, men at ho har lagt merke til kor mykje meir vegetarisk mat det var i Danmark enn heime. I kantina på hotell- og restaurantskulen er det til dømes heile 70% vegetariske måltid.

Praksis i København (12).jpg

Kokkeskulen.jpg

Ida og Vanessa fortel at dei har lært masse under opphaldet sitt på Rundskuedagens Plejecenter. Då dette er ein pleieheim som, for det meste, har bebuarar med alkoholdemens, var mange av bebuarane yngre enn det Ida og Vanessa hadde forventa. Bebuarane har kvar sin leilegheit med stove, soverom og bad, og i tillegg har heimen fleire fellesområde for sosialisering og måltid. Det var ikkje noko problem med språket; På tross av skilnadar mellom dansk og norsk, forstod bebuarane og elevane kvarandre godt!

Pleiesenteret.jpg

Vanessa på sykkel.jpg

Ida på Sykkel.jpg