For andre år på rad fekk elevane på vg3 påbygg på Fitjar vgs. besøka Stortinget i Oslo og læra meir om demokratiet i Noreg.
Elevane på vg3 påbygg på Fitjar vgs. hadde i april 2024 ein innhaldsrik studietur til Oslo for å læra meir om demokratiet i Noreg. På den første dagen besøkte dei 22. juli-senteret, Akershus festning og Vår frelsers gravlund. På den andre dagen besøkte dei Stortinget, der elevane først fekk ei omvising i bygget og deretter gjennomførte rollespelet «Demo». I dette spelet vart elevane delt inn i ulike politiske parti og måtte arbeida som Stortingsrepresentantar for ein dag. Alle elevane var på talarstolen og debatterte om lovframlegg, og dei måtte handtera både voteringar, komitéarbeid, mistillitsforslag og kabinettsspørsmål – ein veldig lærerik dag!








