Hopp til hovedinnhold

Fitjar-elevar samla inn 81.610 kr for kreftsaka

Masse mennesker på basar i skulen si kantine

Denne våren har elevar på Fitjar vgs samla inn til saman 81.610 kr til kreftsaka!

Fitjar-russen plar kvar vår å samla inn pengar til Krafttak mot kreft, og i år var fokuset på kreft med spreiing. Dei gjennomførte ein flott basar på skulen 15. mars, der elevane stilte med heimelaga kaker og flotte premiar frå lokalt næringsliv frå Stord og Fitjar. I tillegg hadde dei innsamlingsaksjon der dei gjekk frå dør til dør. Totalt samla Fitjar-russen inn til 64.875,- til Krafttak mot kreft.

Elevane på vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag har og hatt innsamling til kraftsaka. I vår har dei igjennom ulike dugnadar samla inn til saman 16.735,- kr som dei har gjeve til Barnekreftforeningen.

Me er stolte av elevane våre som har gjort ein slik flott innsats for ei svært viktig sak!

Innsamling russen.jpg

Komiteen bak russens Kraftak mot kreft-aksjon. Frå høgre: Marta Vik Litlabø, Sandra Helene Karlsen og Sarah Rimmereid.

Bu til fjells.jpg

Her er heile gjengen frå vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag samla på fjelltur i Midtfjellet.

blobid0.jpg

Takk til alle som bidrog med gåver til basaren

blobid1.jpg

Elevane hadde baka mange velsmakande kaker til basaren

Her er russekullet samla på avslutninga 14. juni 2023 (nokre elevar var ikkje til stades på biletet).