Hopp til hovedinnhold

Fitjar-elevar vann semifinale i Tine MatCup 23-24

Tre kokkeelevar jublar for sigeren framfor eit banner frå Tine MatCup

Onsdag 15. november gjekk eit lag frå vg2 kokk- og servitørfag på Fitjar vgs til topps i semifinalen i den prestisjetunge kokkekonkurransen TINE MatCup. No ventar finale i Stavanger i februar 2024.

Elevlaget på tre frå Fitjar vgs, Sandra Elise Helland, Oliver Mæhle Lamo og Maja Johanne Sundhordvik, gjorde ein strålande innsats i semifinalen på TINE Matfagleg senter på Kalbakken i Oslo i går. Laget kallar seg The Støls, og hadde med seg faglærar Fillip Klæboe Berg til konkurransen. Han var svært imponert over elevane sine: «Dei har lært mykje av heile prosessen, og har fått oppleva noko dei ikkje ville gjort på ein vanleg skuledag. Dette er og ei veldig god øving mot eksamen og fagprøve. Eg håpar at dette gjev dei meirsmak til å delta framtidige konkurransar!».

Elev i kokkeklede på kjøkkenet

Første runde av konkurransen var ei skriftleg meny-oppgåve som laget hadde sendt inn. Årets oppgåve var å laga ein treretters middag for seks personar som heidra innsatsen til norske ystarar i samband med VM i ost 2023. Forretten skulle vera gratinert lauksuppe, medan hovudretten skulle vera kalkun i soppsaus med grønsaksgarnityr, servert med russisk servering. I tillegg skulle laget servera ein ostetallerken på amerikansk vis, og skapa ein høvande aperitiff.

Elev i servitørklede som pussar glas

På bakgrunn av desse innleverte meny-oppgåvene, vart totalt 30 lag frå heile landet plukka ut til å konkurrera i Oslo igjennom fem semifinalar denne veka. I løpet av desse semifinalane, skulle totalt 30 lag bli til seks vinnarlag, som så skal møtast i finale i Stavanger 16.02.2024. Nivået var høgt og konkurransen var hard, men Fitjar-elevane utmerka seg – igjen!

Me ønsker dei lykke til med førebuingane til finalen!

Elev i kokkeklede som rører i ei bolle
Tre elevar i kokkeklede som jublar for finaleplass framfor eit banner frå Tine MatCup