Hopp til hovedinnhold

Tre Fitjar-elevar kvalifiserte seg til finalen i skule-NM

Tre jenter i kvite kokkeuniformar som klemmer kvarandre

Onsdag 15. februar vart årets fylkesmeisterskap i yrkesfag arrangert på ulike skular i Vestland. Elevar frå Fitjar vgs deltok i fire konkurransar, kokkefag, konditorfag, bakarfag og barne- og ungdomsarbeidarfag, og gjekk til topps i heile tre av dei!

Dei tre Fitjar-elevane som vann finalebillett til NM går på vg1 restaurant- og matfag og vg2 kokk- og servitør. Anne Urdal Gramstad vann i kategorien for kokkefag, Nathalie Tufteland Vangsnes vann i kategorien for bakarfag og Emilia Marta Kudlaczak vann i kategorien for konditorfag. Faglærar Anneli Stokke Mæhle var med elevane til konkurransedagen på Sandsli vgs, og var stolt og imponert over innsatsen til dei tre elevane – dette har dei jobba hardt og målretta for. Dommarane var fulle av godord om prestasjonane til trioen frå Fitjar vgs.

Skule-NM, fylkesmeisterskap (3).jpg

Skule-NM, fylkesmeisterskap, oppstilling.jpg

Same dag hadde Barne- og ungdomsarbeidar-elevane Lina Engevik Vørøs og Ingeborg Prestbø reist til Knarvik vgs, saman med faglærar Victoria Sofie Larsen, for å representera Fitjar i konkurransen for barne- og ungdomsarbeidarar. Dei gjorde og ein flott innsats og fekk skryt og heiderleg omtale av dommarane, men det var diverre ikkje finaleplass denne gongen.

image4hgh8.png

Skule-NM er ein årleg konkurranse i yrkesfag som vert arrangert av World Skills Norway. Årets finale i kategoriane kokk, konditor og bakar vert gjennomført på Sandsli vgs i april 2023.