Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune.
Vestland fylkeskommune tilbyr alle vg1-elevar PC til subsidierte prisar: Dell Pro 14, Dell Pro Max 16 eller MacBook Air 13. Alle på vår skule vil klara seg godt med med ein Dell Pro 14, som vil kosta mellom 9.000,- og 11.000,- kr om du skal kjøpa ein tilsvarande PC i butikk.
All informasjon om ordninga og bestilling finn du på sida for Elev-PC. Bestill PC når du har fått bekrefta skuleplass, slik at du har han til skulestart.
PCen må setjast opp som ein privat PC (med privat epost-adresse) og ikkje som ein «skule-PC», og du kan gå inn på Skoleportalen for å installere M365 (Office-pakken) når du har fått aktivert skulekontoen din.
På Skoleportalen er det fleire andre nyttige lenkjer (t.d. InSchool, Gløymt/endre passord, It’s Learning m.m. ) og ein kan bruka Ask, ein robot som kan svare på mykje av det ein lurer på om tenestene til Vestland fylkeskommune.
