Torsdag 3. oktober vart eldredagen i Fitjar kommune arrangert på Fitjar vgs., med flott servering og vertskap frå vg2 helsearbeidarfag, snittar og kaker frå vg2 kokk- og servitørfag og blomsterdekorasjonar frå vg1 FBIE (frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign).
Eldredagen i Fitjar kommune er ein fast, årleg tradisjon arrangert av eldrerådet i Fitjar kommune og Fitjar vidaregåande skule, med støtte frå Fitjar Kraftlag. Rundt 100 besøkande kom til den festpynta kantina på Fitjar vgs. denne torsdagen. Elevane på vg2 helsearbeidarfag vart vertskap og stod for pynting, oppdekking, servering og hjelpte dei gjestene som trengte det. Elevane på vg2 kokk- og servitørfag hadde brukt skuledagen før arrangementet på å laga dei lekraste snittane og dei flottaste bløytekakene til festen. Blomar høyrer og til på ein slik dag, og det var sjølvsagt elevane på vg1 FBIE (frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign) som stod for dei fantastiske blomsterdekorasjonane i kantina!
Festen hadde eit rikhaldig program. Leiar i Eldrerådet, Karvel Strømme, leia ettermiddagen og kunne by på musikk av elevar frå kulturskulen i Fitjar, eit kåseri ved Inge Halstensen og allsong med akkompagnement på piano av Harald Rydland. Ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll, kom med ei helsing til gjestene, og Fitjar frivilligheitssentral hjelpte til med frakt til og frå arrangementet for dei som trengte det. Rett og slett ein fantastisk hyggeleg ettermiddag på Fitjar vgs! Takk til alle som bidrog og alle som kom! Me håper me ser dykk att til neste år!