I strålande solskinn markerte Fitjar vgs. at endå eit kull med flotte ungdommar har fullført treårig vidaregåande opplæring hos oss.
På Fitjar vgs kan ein ta påbygg til generell studiekompetanse både som vg3-elev (som eit tredje år, før læretida) eller som vg4-elev (som eit femte år, etter fullført fagbrev). Skuleåret 2023-2024 har me hatt to påbyggsklassar, ein med vg3-elevar og ein med vg4-elevar. I juni kunne me markera at alle dei 44 påbyggselevane våre hadde fullført både opplæring og alle eksamenar. Som tradisjonen er på Fitjar, bydde me elevane på festmiddag med talar og stas før ein tok farvel og gav kvarande god klem før sommarferien.
Takk for i år og lykke til vidare!


Årets påbyggingselevar var med på skulen sitt 90-årsjubileum hausten 2023, og blir dermed avgangskullet vårt i jubileumsåret. På bileta under ser me det alle første avgangskullet på Fitjar vgs, frå 1933, eit bilde for vårkurset og eit for haustkurset.

