Hopp til hovedinnhold

Flott aktivitetsdag i Fitjarfjellet

Mange elevar og lærarar på ein fjelltopp med ryggen mot vindmøller

Onsdag 13. september, i strålande haustver, hadde alle elevane på Fitjar vgs. aktivitetsdag i Midfjellet.

På byrjinga av dagen vart alle elevane på skulen frakta med buss opp til parkeringsplassen ved Olstjødno i Midtfjellet, som ligg ca. 280 moh. Derfrå kunne elevane velja mellom tre alternative fjellturar.

Elevar i kano på Olstjødno, og elevar på land som ser på


Det første alternativet var å gå løypa som vert kalla 5419, då ho er omtrent 5,4 km lang, altså like lang som dei to første tala i nummeret i postnummeret til Fitjar kommune. 5419-løypa er ein rundtur på grusveg i Midtfjellet Vindkraftpark, der ein byrjar med å gå opp lysløypa og deretter går nordover i fjellet, før ein snur sørover igjen og kjem tilbake til Olstjødno.

To vindmøller og ei lita tjødn

Den andre løypa gjekk til Svartavatnet og Beinstjødnsvarden. Her byrja ein på 5419-løypa, men ein tok på eit tidspunkt ein omveg oppom Svartavatnet, til endes på lysløypa, og gjekk så vidare fram på ein sti opp til Beinstjødnsvarden, som ligg 500 moh. Derfrå så gjekk ein ned igjen til 5419-løypa.

Varden på Beinstjødsvarden med eit skilt der det står 500 moh.


Den tredje og mest utfordrande turen gjekk opp til fjelltoppen Kindo. Her byrja ein på same veg som dei andre, men tok snart av sørover mot vindmølle nr. 1, den sørlegaste mølla i vindparken. Vidare gjekk ein på sti og fjell austover til toppen av Kidno, med fantastisk utsikt frå 571 moh. Vegen ned igjen gjekk først til Svartavatnet og så vidare ned lysløypa.

Rektor på veg opp mot Kidno, med Olstjødno og vindmøller i bakgrunnen
Elevar og lærarar attmed ein varde på toppen av fjellet Kidno
Utsikt frå fjelltoppen Kidno mot innsjøen Botnavatnet
Utsikt frå Kindo mot aust, ein ser andre fjell i horisonten


Når alle hadde gått tur, var det tid for lunsj og aktivitetar ved Olstjødno. Kantina steikte lappar til alle, og det var god fyr i grillen. Dei som ville prøva seg på ein kanotur på Olstjødno, fekk moglegheit til det, og mange elevar testa og ut den nye frisbee-golf-banen som opna i sommar. I tillegg hadde naturfagslærarane laga til ein spennande natursti på vegen rundt Olstjødno.


Me avslutta dagen med å gå tilbake til skulen i samla flokk; Ein strålande dag i strålande ver!

Tre jenter i ein kano
To kvinner som steiker lappar
To gutar i ein kano

 

Me hadde og ein fotokonkurranse frå dagen, og dei tre vinnarbileta kan de sjå under:

Ein kano inne i eit røyr, ser utover mot ein innsjø (Olstjødno)
Tre jenter med ryggen til som hopper på ein grusveg, vindmøller i bakgrunnen
To elevar som går på ein grusveg, ei vindmølle i bakgrunnen