Hopp til hovedinnhold

Fitjar vgs feira 90 år!

To elevar smiler i kantina framfor eit oppheng der det står "Gratulerer"

Det var stor fest heile dagen då Fitjar vidaregåande skule markerte sitt 90-årsjubileum tysdag 9. november 2023, med feiring både på dagtid og kveldstid.

Fitjar vidaregåande skule er stolt av sin lange historie; Tysdag 9. november 2023 markerte me at det er 90-år sidan Fitjar husmorskule opna dørene sine, fredag 20. januar 1933. 

På dagtid inviterte me alle elevane til «barnebursdag» i kantina, med ballongar, pølser, brus, sjokoladekake og bursdagssong. 

På kveldstid var det festmiddag for tilsette, pensjonistar og inviterte gjester frå fylke og kommune. Då var kantina festpynta med vakre dekorasjonar av elevane på vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. Elevane på vg1 restaurant- og matfag og v2 kokk- og servitør varta opp med festmaten; Det både smaka fortreffeleg og vart servert på upåklageleg vis. Som høveleg på ein 90-årsdag vart det fleire helsingar og talar, både med blikket bakover og framover, og sjølvsagt allsong til kaffien. Det vart ein strålande festdag; - Me ser allereie fram til 100 årsjubileet!

Du kan sjå fleire bilete frå dagen og lesa meir om feiringa vår i desse artiklane frå lokalvisene:

Visste du at det faktisk har vore vidaregåande skule på denne staden på Fitjar så langt tilbake som 1897? Her kan du lesa meir om skulen si spennande historie.

Ein elev og rektor som står i ein døropning med mange ballongar
Ei kvinne bak ein salsdisk serverer pølser med pølseklype til elevar som står i kø
Eit norsk flagg på ei flaggstang, skulebygget i bakgrunnen
Mange folk ved eit pynta langbord, ein som talar i bakgrunnen
Elevar i kokkeklede på rekke, framfor folk som sit langs langsbord
Ein mann og ei kvinne med kvart sitt ordførarkjede står ved ei kake med bilete av skulen på.
Ein flott blomsterdekorasjon på eit bord, telys i bakgrunnen
Eit gammalt svart kvitt bilete av elevar i kjøkkenuniformar som står i hagen framfor eit skulebygg