Det var stor fest heile dagen då Fitjar vidaregåande skule markerte sitt 90-årsjubileum tysdag 9. november 2023, med feiring både på dagtid og kveldstid.
Fitjar vidaregåande skule er stolt av sin lange historie; Tysdag 9. november 2023 markerte me at det er 90-år sidan Fitjar husmorskule opna dørene sine, fredag 20. januar 1933.
På dagtid inviterte me alle elevane til «barnebursdag» i kantina, med ballongar, pølser, brus, sjokoladekake og bursdagssong.
På kveldstid var det festmiddag for tilsette, pensjonistar og inviterte gjester frå fylke og kommune. Då var kantina festpynta med vakre dekorasjonar av elevane på vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. Elevane på vg1 restaurant- og matfag og v2 kokk- og servitør varta opp med festmaten; Det både smaka fortreffeleg og vart servert på upåklageleg vis. Som høveleg på ein 90-årsdag vart det fleire helsingar og talar, både med blikket bakover og framover, og sjølvsagt allsong til kaffien. Det vart ein strålande festdag; - Me ser allereie fram til 100 årsjubileet!
Du kan sjå fleire bilete frå dagen og lesa meir om feiringa vår i desse artiklane frå lokalvisene:
- Sunnhordland.no: «Hundrevis feira 90-åring med pølser og ballongar»
- Fitjarposten.no: «Livskraftig hundreåring feira 90-årsdag»
- Fitjarposten.no: «- Håpar at me feirar 100-årsjubileum om ti år!»
Visste du at det faktisk har vore vidaregåande skule på denne staden på Fitjar så langt tilbake som 1897? Her kan du lesa meir om skulen si spennande historie.







