Hopp til hovedinnhold

Studiereise til Island

Ein foss på Island

Fem tilsette frå Fitjar vgs har vore på Island for å læra om inkludering i yrkesfag

Frå tysdag 29. mars til søndag 03. april 2022 var fem tilsette frå Fitjar vidaregåande skule på Island i samband med eit prosjekt med Island, Polen og Noreg. Dette samarbeidsprosjektet handlar om sosial inkludering i yrkesfag og er finansiert av Iceland, Liechtenstein og Norway Grants. Med på reisa var rektor Leif Helge Engelsen og lærarane Agnieszka Golec-Rutkowska, Geir Arne Solbakken, Anne Kristin Skår og Ena Ulversøy.

Island (9).jpg

Me fekk mykje lærerik informasjon om det islandske skulesystemet for både ungdom og vaksne. Me besøkte Idan-senter for vaksenopplæring, og me besøkte fleire skular som hadde yrkesfaglege linjer, og fekk sjå korleis dei jobba i ulike fag. Det var veldig interessant å læra at ein på Island har eit litt anna opplegg for å koma fram til fagbrev enn det me er kjent med. Elevane går først på skule, så er dei i praksis, for deretter å koma tilbake til skulen for ein periode, og så til slutt ta fagbrev.

Island (7).jpg

I tillegg til å få med oss mykje om det islandske skulesystemet, fekk me også læra litt om Island, og me fekk delta på ein sightseeing til Gullfoss, geysirar og Thingvellir, der dei nordamerikanske og europeiske tektoniske platene møtest. Me hadde ein kjempefint tur, og me ser fram til å ta imot gjester frå Island og Polen på vår skule 18. til 20. mai.

Island (8).jpg