Medan makrell framleis er ein ettertrakta matfisk i store delar av verda, vert piren, som er makrell under 200 gr., i dag berre nytta som dyrefôr i Noreg. Dette vil Bergen Slow Food gjera noko med, og elevar frå Fitjar vgs er med på redningsprosjektet.
I ein kronikk i BA 3. september, kalla Pir – delikatessen som blir til dyrefôr, skriv kystfiskar Frode Otte Strønen og Thor Øivind Jensen, leiar i Bergen Slow Food, at «den lille piren er et trist eksempel på et stort problem i vår forvaltning av egne naturlige matressurser, et moralsk problem om håndtering av mat, også med økonomiske og gastronomiske kostnader». Fiskarane får i dag nemleg ikkje betalt for piren dei tek til land, og forbrukarar i Noreg får heller ikkje tak i produktet. Strønen og Jensen peikar på den sviktande bærekraften i eit system der «det males opp mye velsmakende sunn mat til dyrefor, våre lokale fiskere ikke får betalt og forbrukerne ikke får tak i fersk og god fisk».
For å snu denne utviklinga må kunnskapen om pirens moglegheiter som delikatesse og matfisk formidlast ut til folk. Bergen Slow Food har difor involvert eit amerikansk-nederlandsk filmteam som no lagar både film og bok om prosjektet, i tillegg til ein blogg om slow food frå området rundt Nordsjøen kalla Preserving the north sea. I slutten av august var dette filmteamet på Fitjar og Bømlo for å filma fisking og tilbereding av pir. Dei besøkte då Fitjar vgs i to dagar, der dei filma elevar på restaurant og matfag som handterte fisken og lærte om pirens kulinariske moglegheiter.
2.-3. september var det duka for Bergen matfestival 2022. Her samarbeidde Bergen Slow Food med Fitjar vgs om ein stand der to elevar frå vg2 kokk- og servitør, Anne Urdal Gramstad og Erik Johnsen Harkestad, saman med tidlegare kokkelærar på Fitjar vgs, Margareth Tislevoll, grilla og serverte velsmakande pir til dei besøkande på festivalen. Med seg på standen hadde dei ein portugisisk kokk som viste dei korleis ein laga og serverte pir på portugisisk vis. Det vart ein kjempesuksess: 600 pir forsvann ut, og dei var tomme for fisk før festivalen stengte siste dagen.
Neste steg i prosjektet skjer seinare i haust på den store europeiske slow food festivalen Terra madre i Torrino. Der skal filmen om prosjektet visast og vera ein del av marknadsføringa av Bergen som Unesco gastronomiby.