Den siste veka av september vart fylt av kulturelle aktivitetar for elevane på Fitjar vgs. Veka byrja med afternoon tea for seniorar i Fitjar kultur- og idrettsbygg, der Fitjar-elevar stod for mat, pynt og servering, og veka vart avslutta med ein haustkonsert for heile skulen med Marthe Wang Trio.
Tysdag 26. september vart det arrangert kulturell afternoon tea for seniorar i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Arrangementet var eit samarbeid mellom Fitjar Frivillighetssentral, kulturkontoret i Fitjar kommune og Fitjar vidaregåande skule, og vart støtta av Vestland fylkeskommune sitt program Den kulturelle spaserstokken. Over 60 seniorar i Fitjar kommune hadde møtt opp til foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg for å høyra framsyninga Ingvar Moe – tekstar, tonar, tankar framført at Jimmy Nes, ein trubaduren som, i likskap med Ingvar Moe, kjem frå Etne. Etterpå var det tid for klassisk britisk afternoon tea; smørbrød, scones og eplekake servert med kaffi eller te. Det var elevane på vg1 restaurant- og matfag på Fitjar vgs som hadde laga måltidet, og servering og bordpynting var det elevane på vg1 helse- og oppvekstfag med studiespesialisering som stod for. Ein flott innsats frå elevar og lærarar som gjestene sette stor pris på!




Fredag 29. september var det elevane si tid til å bli underhaldt, då skulen fekk besøk av Marthe Wang Trio. Dei tre musikarane Marthe Wang, Jonas Kilmork Vemøy og Markus Lillehagen Johnsen leverte stemningsfull jazz-pop med haustleg preg og norske tekstar til ettertanke.



